Lag din eigen her om du vil.
31. mars 2007
18. mars 2007
16. mars 2007
Ein hestehandel?
Hest -best som pålegg?-Ø. Sunde
Eg får mest sannsynleg selt kameraet mitt no, og det er jo berre å håpe at ein vert glade i begge endar av handelen. For å sitere handelspartneren min i sluttmailen: "Har litt dårlig erfaring med å forhåndsbetale slike dyre ting (har handlet en del hesteutstyr over nett)". Eg takkar for ekstrainformasjon.
14. mars 2007
Even if I tumblefall
Entourage e moro! Eg har testa ut tumblr.com no, etter oppfordring frå storebror, og det heile lovar bra. Sjå her på resultatet (kun eit innlegg, likevel, for gjort!). Det er nesten det samme som blogspot, berre enklare og kjappare .Elles er ein artig artikkel om kvar auga dine vandrar på ulike ting artig, der du mellom anna kan sjå dette resultatet:
13. mars 2007
Mobilrekning
Eg fekk faktura på mitt beskjedne mobilforbruk i dag, med sluttsum på 35 kroner. Joda eg har ikkje babla så mykje, men eg sender likevel ein takk til OneCall, som gir meg så gode vilkår. Sjå OneCall sin Mobil Faktura for prisar. På telepriser.no kan ein sjå at IPEA (ikkje IKEA nei) ligg eit hakk over OneCall, men det er snakk om småkroner. Mitt abonnement har fått ny minstepris per månad, og ligg no på 35 kroner. Utan å betale noko, nokon gong, får eg 65 gratis sms, med den ikkje så gale 42ørers prisen for meldingar utover dette, og 65 minutt med gratis ringing, og 80 øre per minutt utover dette. Om du brukar telenor eller liknande, bytt om du kan, du skal ringe temmeleg mykje før det løner seg å ha eit anna abonnement.
12. mars 2007
Storebror ser deg gjennom linsa
Sjå her for nokre pene fotos av Synne, fadderbarn og fotomodell til Arild.
Film: Awakenings
Eg seier det atter ein gong, då det er ein finfin film, sjå den! Last ned her. Filmen har Robin Williams (han er ikkje så galen igrunn, berre sjå Man of the year eller Good morning Vietnam eller Good Will Hunting) i hovudrolla. Og så er jo Robert de Niro med, og han spelar godt. Tue ståui, tue ståui!
Smånytt
Det kom melding om at to karar skulle banke ein tredje i (ser deg i)Førde sentrum. Politiet kom til staden -ingen av dei var der, og ingenting tyda på at noko var skjedd. Denne saka går under smånytt i Firda. Nytt veit eg ikkje, men smått, det er det. Elles melder Firda at Eggenipa 4H vart årets klubb, og vi sender ein gratulasjonsplakett i posten så snart som mogleg. Bukta 4H vil rykter (ubekrefta rykter, rykter nontheless) ha det til, kom bitande nær teten, og enda på ein andreplass.
8. mars 2007
Dagens unge
7. mars 2007
Tidslinje for framtida
Her er ei tidslinje som viser oppfinnelsar frå 1900-2050, og eg er glad for at eg rundt år 2046 endeleg får sjå ekte Robocops!
Edgar, Edwin, Elgar

Rare namn, Edwin Starr med hiten War, Elgar med Pomp and Circumstances og Edgar Ellan Poe med The Tell-Tale Heart, no høyrbar og lesbar på nettet! Elles kan det vere underhaldning i ti flotte filmsitat med tilhøyrande filmklipp. (Og tipp kven eg er!)
Ipod pluss

Eg har lyst på eit slikt feste til Nanoen min. Kan dette vere noko? Den tåler svette og vask og alt.
Tristan som råbarka pornofilm
Eg viser til artikkelen der Johs. B. Thune fortel at han vart støytt av filmen som rulla og gjekk på ein av båtane til Fjord1. Han nølte ikkje med å kalle det råbarka pornofilm "..med griseprat som til dømes «penissugande negresse»", no har også ein ni-åring vorten skremt av filmane Fjord1 viser og det på tide at dei ryddar opp. Guten fortalte om skummel film med knivar og slosting, men som faren sa "heldigvis hadde han eit blad han gøymde seg bak".
3. mars 2007
Michael Stausberg

Denne mannen. Denne mannen altså. Eg lese oppatt og oppatt den første linja i boka hans Zarathustra och zoroastrismen, og det er rett og slett drepen. Betre blir det når ein opnar boka til Hans Mebius, som har klart å koke ihop ein gråstein av eit samisk innføringsverk. Vås, det er det det er.
Oppdatering: Eg var nok litt hard med han der. Det er Hans Mebius som burde fått seg ei lita pause i skrivinga. Stausberg har lys stemme, men han er då hyggele nok. Se det.
2. mars 2007
Best MACH3 shave
1. mars 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)



