28. april 2008
Mandag
Ikkje stort, men internett på høgskulen er då ei fin ting. Kalas i helga med Erling, Ingrid og Silje som fylte år, kake, mat, kake, mat. Og folk. Moro og fettete.
22. april 2008
18. april 2008
Fredag

Blir lite mellom slaga her no, men internett er ikkje alltid like medgjerleg. Sola skin og vi stod opp før åtte i dag, sjølv om det va fri fram til tolv og altingen. I går klippa Ingrid seg, og så var vi på svangerskapskurs. No skal eg pusse tenna, skrive oppgåve og sette ei brøddeig. Elles har eg lært at det er indiarar på Fiji.
14. april 2008
Mandag

Okeis. Då har eg internett igjen nede hos Harald. Han ser på Brann - Strømsgodset og er faktisk litt engasjert. Eg har vore på skulen, så ete middag, drukke kaffi, sett In treatment igjen (er på galeien att) og vore på trening med radioresepsjonen. Her kjem ei oppsummering frå søndag:
Opp seks.
Jobb sju.
Ferdig to.
Laks med avocadosalat fire.
Kaffi fem.
Kaffi seks.
Oppgave sju.
Oppgave åtte.
Oppgave ni.
In treatment ti.
Lese bok elleve.
Sove tolv.
11. april 2008
Fredag

Kokoloko. Det kan ein bli, av determinativ og forfelt og subejktspredikativ. Men ein kan bli god i knollen av å sjå Studio 60, og det har eg nettopp gjort. I likes. Møkka at den serien vart tatt av. Ellers har eg sykla med solbriller i dag, og fått t-skjorter fra Threadless. Dei nye skjortene er ikkje særleg passete, dessverre, men eg likte godt dei små barneskjortene eg kjøpte. Og kven kan vel klage på 9 dollars t-skjorter?
10. april 2008
Torsdag
Denna stova e virkelig innbudd no. Stod opp tidleg i dag og for på skulen på skranglesykkelen. Så var det pedagogikk i fire timar, eg fekk ei lita oppgåve i henda og reiste heimatt. Eg tenkte eg skulle reise til Ikea i kveld, men det gikk så bussa på kvelden, det er berre å melde seg om noken vil vere med ein dag! Eg var på posten og henta pakke fra Go´boken og fekk (!gratis!):1 leikeball
1 trekantdings til trening av beibinakkemusklar
1 beibibok
1 bok om lesing for beibia
1 dings som skal henge over senga
1 armbandsrangle
Dagens oppgåve:
Eit tog køyrer frå stasjonen i 2,5mil i timen. Eit anna tog køyrer frå ein annan stasjon på nøyaktig samme tidspunkt, også med farta 2,5mil/t. Dei kjem til å møtest, og avstanden mellom stasjonane er 5 mil. Dei byrja nøyaktig klokka 14:00, ein skyfri laurdag. I mellom desse to toga, flyr det ein fugl. Den flyr frå den eine til den andre, fram og tilbake, med ein fart på 10mil i timen. Spørsmålet er: Kor langt har fuglen flydd når toga møtest?
9. april 2008
Onsdag

Oboy! Tida går. No er klokka allereie 4 og eg har ikkje komt ut av pysjen eingong. I dag blir det trening på kveldstid, taco kanskje til middag (Mega har jo 40% på teximexicanas) og så blir det meir pedagogikk-lesing. Elljes hikka synne/thea/hanna/emma/sofie/sofia/tilde/jenny veldig mykje, og syns at plassen e litt liten. Oboy!
Dagens sangtekst av Joni Mitchell:
You brush against a stranger
And you both apologize
8. april 2008
Tirsdag
7. april 2008
Mandag
Abonner på:
Innlegg (Atom)

