29. juli 2008

Søndag

Blogger er igrunn ikkje det beste. Eg trur eg skal hoppe over til tumblr att. Eg prøvar på det no.

28. juli 2008

Mandag


Steik for ei sol! I dag var vi oppe til ni, og det var fri. I dag har eg lakka garasjedørene og inngangsdøra, saga litt tre i lag med familien og funne fram til ein DBS International eldgammal racer-sykkel. Den tok eg frå kvarandre, vaska grundig og sette ihop igjen med nykjøpte slangar og dekk (Mr. E hadde kjøpt inn:). Kanskje eg få ha den i Bergen? Ennjes har bjørg og erling lært seg kubb, tilde har prøvd dåpskjolen og ingrid har vore smekker som aldri før. Se det, ein finfin dag!

27. juli 2008

Søndag


Då var det helg og greier! Var på sandane på freddan og gjekk lang fjelltur med eggenibba (1338moh) som høgaste punkt. Erlend, Soffen, Storebror A og eg tok turen. Samtidig inviterte eg og bror A på grillings på haugen (hauen?) og alle 19 kom. Hussay! Elles jobba eg laurdag, såg Juno på kveldstid. Terningkast fem. I dag er det seinvakt og kokande heitt.

Dagens facts: REVEBJELLE, også kalla revablom, revablokker, revarumpe, røvhanske, bjølleblom, fingerbjørg, bjølle og fingergull, eller berre digitalis purpurea på latinsk.

24. juli 2008

Torsdag


Tidleg tidleg måtte eg opp og legge meg i reservesenga slik at I kunne ta T opp i senga. Ho hadde visst vore vaken ein time med smokkinnputting, eg vakna av Gisle! No gidde eg ikkje meir!. Stas det. Så jobb, heim til ferdig grillings og kaffi. Kos med T etterpå:) No sove ho litt. No kjem det besøk og skal spele kubb, jakop, dreas, tommje, mari, marianne og slikt. Moro. Så kjem bror A og plukkar meg opp i åttetida på veg til Sandane! Tjohei!

Klede: rutete sjårts, kvit grønsakstskjorte, I grønn topp, svart shorts, T rosa hellokittysett og smokk

23. juli 2008

Onsdag


Tidlegvakt. Hardt å stå opp igrunn, men rimeleg frikst og fint på sykkelen på veg til jobb. Taase inviterte på meddas, og der var både kjetta og eivind, sverre k, eli, toren og tanta såklarados. Fekk vist fram til Audhilda òg, JJ kom tuslande på parkeringsplassen. Gode greier. Skulle eigentleg lakke garasjedørene til E i dag, men måtte (dessverre) i selskap. Tidlegvakt i morgon, så fri og eventuell sandanefredag deretter!

Klede: dongri og blåstripa langerma, I svart taits og brun kjole, T pyjamasinjo. 

21. juli 2008

Mandag


Oppe halv ni, frukost. Fekk ansvaret for tilde då ingrid gjekk og la seg att etterpå. Ho vakna for ein time sidan og har vore rimeleg slitsam å halde i sjakk. Ingrid stod opp att no (10:00), og gir ho mat. Elles har eg tenkt å bake brød, sjå ut til sola og komme meg på jobb. Det er fri i morgon, så det skulle vel ikkje vere så gale. Lasta ned ts-versjon av Indiana Jones og den vart sletta rimeleg fort att. 

Klede: Pysjbukse og gul tskjorte, I svart tskjorte og svart bukse, T rosa og grønt sett og kvite ullsokkar.

20. juli 2008

Søndag


Heime frå Alexandra. Har ete mykje god mat og plaska godt i utebasseng og innebasseng og boblings og det heile. God nøgde heile gjengen. No ligge folket og sove middag, det tar nemleg sånn på å reise på færi! Erling og Bjørg fekk kongesuiten ved eit flaksisk tilfelle, og den var finfin. Eg høyrer på o-fag og det er fæla morsomt igrunn. No blir det snart kaffi og den kjeme godt med.

Klede: Grå bukse og grå tskjorte, I har blå gulpegenser og dongri, T lavendelblomstrete snekkerbukse i kvit cordfløyel. Og smokk.

18. juli 2008

Fredag


Tidlegvakt. Fri frå 14:00. Gode greier. Tok eit bad(!), vart rein, åt karbonader :(, heimelaga potetmos:) og kokte gulerøtter :/. No er sola komen, tilde har bæsja stort, eg har fått laser på nakken og vi pakkar stort og flott til deilig ferietur til fagre alexandra i loen i morgon. Erling truar med at eg må køyre finebilen i morgon, og i tillegg at eg må halde fartsgrensene og ikkje bruke meir bensin enn han brukar. Vi får sjå på det!

Klede: Pysjbukse og grøn tskjorte. Ingrid dongri og svart fysiotskjorte. Tilde pysj med hjarter og fine smil.

17. juli 2008

Torsdag


Jessda. Skrikejenta vart til smilejenta som ved eit vips og triks og tralala i stad. Det var fint. Elles er det mest jobb og slikt. Litt trøtt. Fekk freske linser på posten i dag, og har såg(!) at det var godt. Ingrid ete popcorn og kosa seg stort. Uvisst om tilde vil kose seg stort etterpå det. I har grå joggis og grønn og kvit-stripa topp. Eg har gul tskjorte med giraff på og svart bukse. Frøken T har rosa bukse og sauete ullbody. Alt vel med andre ord. Tidlegvakt i morgon, så helgefri med færitur til Alexandra. Gombai!

14. juli 2008

Mandag


I dag var det fri! Sov til 10:00. Så var det førdetur! Tjoheis kor det går. Berre tre-fire timar etter var vi framme, og møtte både eva, mari c og tora på kafe. Tilde snill som ei sol, kledd i lilla selebukse og kvit body med blonder, heilsweet altså! Ingrid såg ikkje ut, neida. Heilsweet ho òg. Eg har på meg kvit tskjorte og grå bukse. Eg er heilt vill, eg veit det. Elljes har det vore besøk av både slekt og slekt, og vi har attpåtil fått overnattingsbarnevakt ved namn vilde. Se det!

13. juli 2008

Søndag


Ser The Terminal ilag med eit kortspelande folk. Gøy film! Har jobba litt i dag òg, og der va det en som pissa godt i ein skrivar natta før. Det var noko! No er det natta og koseri på morgonkvisten fordi eg har fri i morgon. Tjohei! Ingrid og Tilde ligg og søv nede, dei har på seg pyjamas. Eg har på meg grå bukse og svart tskjorte.

12. juli 2008

Laurdag


Seinvakt på laurdag er ikkje akkurat fest og moro, men vi prøvde no så godt vi kunne med å skjenke ein bebuar med Bache Gabrielsen. Elles har eg og Ingrid baka brød og bollar i dag, godt alt i hop. Eg har ete ca femten seksten skjever i dag, og null middag. EG har på meg rutete shorts og svart tskjorte. Ingrid har på seg pyjamasbukse og eg vil no seie pyjamastskjorte også. Og strikk. God natt!

11. juli 2008

Fredag


Eg skjønte vitsen! Jippo. Søk berre på wikiartikkelen Why did the chicken cross the road. Lurt. Elles er det seinvakt i dag. Eg har på meg pysjbukse og blå tskjorte, ingrid har brun kjole og svart taits. Eg er barbeint med plaster på, ingrid har sko(!) på.

10. juli 2008

Torsdag


Tilde grin og grin fordi ho ikkje får ut anna enn illeluktande promperier. Eg og Ingrid gjekk på kvamsstøylen for litt utanomdørsaktivitet. Det var svett. Elles var det god fisk til middag og is og kaffi til dessert. No er det leggetid og gledinks over at ein ikkje treng å stå opp så tidleg i morgon!

9. juli 2008

Onsdag


Fridag! Sov til 10:00! Hipphipp! Har baka brød, laga til grillings, gått på holmen, sola meg, dyssa tilde, vore i førde og spelt fotball, handla på nyegamlerema, bada tilde og blitt prompa rett opp i fjesleset. Tjohei! I morgon er det opp tidleg og det blir vondt.

8. juli 2008

Tirsdag

Kaffi og 86% kakaosjokolade i kjellaren, dataen med internett(!) og Tilde på vuggefotelanken. Alt vel og gode greier, skal ha fri i morgon og det blir fint. Har tenkt å lure meg ned til førde på moro i kveld, men det kjem an på I og T. Akkurat no søv I og det er i alle fall første steg, og ikkje minst i rett retning. Elles kan eg kanskje bryte tausheitplikta mi og seie at det er nokre som skal ha discotears på augene sine. 

7. juli 2008

Mandag (igjen)


Mykje seinare kjem ein med eit nytt mandagsinnlegg. Eg har kome meg på nett på jølst! Tjohei! Då vert det styr på sakene. Eg skal jobbe tidleg i morgon, og gruar meg igrunnen til det. Vi har fått oss baby call og viss vi hadde hatt ei jinte som kunne ligge aleine og sove, så hadde det vore heilsupernyttig. No er det berre halvsupernyttig i og med at vi må springe til kvar ei tid når ho er lagt for seg sjølv. No er det leggetid for heile familien, så då seier eg berre godnatt!