
Den store festen var i går. Frå loft og til kjeller i VTG16. Eg hadde det så fint at eg rett gløymte vekk å legge ut i går. I dag skal eg gå av hengslene og poste fleire bilete, men aller først skal eg prøve å fortelle Pan's labyrint i korte trekk:
1. Spansk mannestemme introduserar (veldig pluss)
2. Lita jente har sjela til ei underverdensprinsesse
3. Fascistkaptein i skogen er den nye faren hennar
4. Ein faun fortel ho om tre oppgåver
5. Mora dør, fascistmannen og kumpaner ser ut til å sigre
6. Tables turn, og motstandsrørsla får overtaket
7. Jenta klarer oppgåvene, og blir prinsesse i underverdenen
8. Spansk mannestemme avsluttar (veldig pluss framleis)
Ca. Og så var det kjedeleg igrunn. Eg kvapp iblant, men filmen som skulle "skremme livet av sjølv ekte mannfolk" har berre bekrefta ein ting som vi allereie visste -eg er ikkje eit ekte mannfolk. Ellers har eg funne fram til Sergio Mendes igjen, og dagens vêr har vore formidabelt. Kaldt, klart, blå himmel.

Gårsdagens innlegg skulle eigentleg vorte besmykka med eit gullkorn frå Jakob, men det skadar vel ikkje å prøve seg på ny, dagens spalte
Jakob vrenger hjernen -i dag;
"Vatn kan bli litt tørt viss du ikkje ska blande det me nåke...vått"
Ettersom eg også har brødre med snakketøyet i behold, vil eg gjerne sitere vidare, Harald til Arild;
"Det e urettferdig
-du får tisse, eg får lese."
Takk og bukk. Nikk og nei. Hatten på snei.