
I dag er dagen då alle ringer og ber deg svare på om kva du tenker om histen og pisten. Newcastle? Søiden? Storbyferie? Bil, no? Data med internett? Kva? Og eg har då akkurat vokst frå meg mjølketenna. I går flytta vi kåken til andreas og marianne, rettare sagt innhaldet i den gamle til den nye, og la meg berre sei det med en gang: Du verda så flott det blir (ikkje tøys). Nytt, fint, større og billegare. Eg slår til. Elles starta dagen med å vende hovudet til høgre og plutseleg blø naseblod, for ein nostalgisk morgon! Og sidan det er laurdag og alt, ventar sjølvsagt den faste spalta lenger nede på sida. Elles? Jakob drømte at han brukte løpetåitsen til dreas i natt. Han var sikkert seksi.
Dagens Artist: Elton John
Elton Hercules John, født Reginald Kenneth Dwight den 25 mars 1947, vart tidleg eksponert for eit vidt musikklandskap av kjente namn som Frank Sinatra og Nat King Cole ettersom foreldra var flittige platesamlarar. I ein alder av tre starta han sine første pianostunder, og året etter vart han ofte oppfordra til å spele for dei i festlege lag. Som elleveåring vart han tatt opp til
Royal Academy of Music, der han fekk utfolde sitt talent over stykka til Bach og Chopin. 17 år gammal, i 1964, starta han og nokre vener bandet Bluesology, etter nokre år på pianokrakken på Northwood Hills Pub. År etter, og fleire avslag på ulike auditionar for band som King Crimson og Gentle Giant, møtte John Bernie Taupin. Taupin sendte tekstane sine til John som satte musikk til, eit samarbeid som skulle bere fleire frukter, mellom anna eit bidrag til Melodi Grand Prix -69, og deira første utgitte låt
Scarecrow. 1971 er eit år ein bør merke seg, for då kom nemleg albumet
Madman Across the Water ut, dessverre eit av Elton John mest undervurderte album, sjølv om hiten Levon nådde topp10-lista i britannia. I 1972 skifta han fortåeleg nok namn, og tok etter Elton Dean og John Baldry, to av venene i Bluesology (for dei som vil ha meir, linkar eg berre vidare etter som tida fyk, og den fyk fort) Her for musikkkarriera på
80-talet,
90-talet og
dagens musikk-elton. For dei som heller ville vite når han kom ut av skåpa, kan trykke
her. Til dags dato har tjukkasen solgt over 250 millionar album. Og det er seriøst mykje.