
I dag har eg lese om Hinduismen og dens mange irrgangar og snokvegar som det så fint stod i boka mi. Det er framleis snø ute og eg personleg meiner det er reint for gale at ein ikkje driv og akar rumpa både kald og blå. Jakob og Andreas har då tatt til vetet og reist til Voss for alpine gleder. Av anna nytt kan eg takke Eli, systa, for oppskrift på nøideleg brødbakst,eg baka i går, dog eg må sei at hennar versjon smakar enno betre. No skal eg slenge meg over hemmeleg viten om Mesopotamien og kva dei tenkte på i oldtida, men eg trur nok eg ikkje kjem til å ta snokvegen, kva no enn det måtte vere. I dag startar spalta Dagens artist, og sidan eg har Live at Blues Alley på øyrene er det vel berre naturleg å byrje med Eva Cassidy.
Dagens artist: Eva Cassidy
Født Eva Marie Cassidy den 2.februar 1963, i Washington, DC, der faren hennar lærte ho å spele gitar allereie i 9års alderen. I ungdomsåra vart ho med i det lokale bandet Stonehenge, og hausta godord over hennar talent. Som attenåring vart ho med i eit nytt band, Easy Street, som songar og gitarist. Men karriera tok ikkje av med dette, og ho måtte ha fleire småjobbar ved sidan av. Seinare skulle ho spele inn uforgløymelege låtar med Chris Biondo, Lenny Williams, Keith Grimes og Raice McCleod, i det sjølvlaga Eva Cassidy Band. I 1996 spelte ho inn live-albumet Live at Blues Alley som dei trygla vener og kjente om å kjøpe og spreie til folket. Eva sjølv var ikkje nøgd med albumet, og sprang sporenstriks til studioet for å gjere si første studioinnspeling. Samme året vart ho ramma av kreft som ganske snart spreidde seg i heile kroppen. Den 2.november i 1996 døde Eva Cassidy i Bowie i Maryland, 33 år gamal. I 1997 kom Eva by Heart ut, som vart møtt med stormande kritikkar. Først etter hennar død kan ein seie at ho vart kjend i den store verda, og har seinare solgt over fire millionar eksemplar. Samlealbumet Songbird som kom ut i 1998 gjekk til topps i Storbritannia først tre år etter. Dei kanskje mest spilte songane hennar er hennar tolkingar av Songbird og Sting's Fields of Gold.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar