
Ifølge sikre kjelder startar helga seint på torsdagen. Og sia ein har fri både onsdag og mandag så kan ein vel med ein viss tryggleik seie at kvar dag er ein fest. I alle fall onsdag. I dag har eg stått opp seinare enn åtte fordi eg ikkje sovna før to. Og så var det frukost, trening (du verda så svak!) og lunsj. Lang lunsj. No er det tid for å ta opp kjøtt frå frysen og finne fram godbøkene om det gamle Egypt! Boka Egypteren Sinhue har ein viss relevans i dette faget, og eg takkar tanteRandi for den. Om ein vil ha litt moro, kan ein klikke seg vidare her. Og om ein skulle lure på kven Ann Coulter skulle vere, så kan ein seie såpass at ho er ein konservativ politisk kommentator (USA) som "makes no pretense at being impartial or balanced" -som det heiter på fint. Og det blir kanskje sydentur til sommaren. Ein får vel berre bli godven med mittklima i mellomtida (som ein flittig observatør kanskje har merka seg, har eg akkurat sett at ein kan drive å lage flotte linkar veldig lett, velkommen til 2007).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar