24. januar 2007

onsdag


Ohoi! Det er vakkert ute. I dag stod eg opp til trening, åt stor-lunsj med Harald, friska opp det om gnostikarane og gjekk så mot solsida med denne boka i sekken. Bhagavadgita er eit kjent visdomsverk i Hinduistisk tradisjon, og eg fekk faktisk lest ein del på benken i solsteika. Pensum, utendørspensum gjer susen, og på øyrene? -Klassisk, symfoni for fulle basunar! Så gjekk eg heim, laga middag, pakka den ned i sekken og møtte Arild. Frå psykfakultetet gjekk vi til Fløibanestasjonen og kjøpte to single billettar til det siste sollyset. Deretter akebakkane heimatt til middag og kaffi. Ein finfin dag med andre ord. Snøen er kvit og kald, litt som meg altså, berre at den er så mykje kjekkare å gå på (ordspel)! Dessuten er eg mett, og Studio 60 har endeleg funne vegen tilbake til datamaskina. Fryd, fryd, fryd og gammen. Sleep the clock around? Eg seier som austeriske kvinner -lets not.

Dagens sang (80-talet): Pointer Sisters - Jump

Ingen kommentarer: