
I dag var det først UIB's ypperste mumlefjomp og femiklump til å undervise i Mesopotamiens eldste historie, og deretter Mr. Skinnjakke 2007 til å fortelle om India. Og igrunnen, det var moro! Eg har byrja med morgonyoga no (erd'ikkerart?), og her får eg vite litt om både histen og pisten på skola etterpå, hendig samantreff eller iskald skjebne? Ikkje veit eg, men eg kan fortelle at det no, slik heilt offisielt, blir farleg å køyre i Bergen sentrum på laurdag, ettersom ein Volvo v40 og ein viss tilhengar skal frakte pakkenellikkar for to heile dagen. Eg gler meg! Lat ryggegudane vere i godt humør, dei burde jo vere tilhengar av slike foretak (vits). Dagens låt: Queen med Don't stop me now. I am having such a good time!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar