23. februar 2007

fredag


I dag er dagen då rekene kjem ut frå fryseboksen, andreas kjem ut av klørne på marianne og vi alle kan glede oss over endå ei vellukka veke med mykje lesing. Vel. Jakob starta dagen med å kaste ei skinke på veggen, for så å la den henge (nokre timar seinare klagar han høglydt på at eg ikkje har posta denne ville hendinga). Og det var jo morsomt. Det som verkeleg var storvegs var at vi kjøpte ministicks (innebandy?) med ball og greier, og det var fæla moro å spele i alle husets rom. Elles er det berre å ta ein titt på sida til filmen Only for You, filmen eg og S fekk vere med i filmostat Bollywood. Eg har enno ikkje funne oss på londons hippaste klubb, men eg har ikkje gitt opp enno. Om ein likar tverrfløyte og kjente melodiar, kan denne bitBåksete fløytespelaren gjere dagen fin. No er det pannekaker!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dødskult!
Kan vi ha tournament i sommer?

Arild sa...

Naisaste bilete.