13. mars 2007
Mobilrekning
Eg fekk faktura på mitt beskjedne mobilforbruk i dag, med sluttsum på 35 kroner. Joda eg har ikkje babla så mykje, men eg sender likevel ein takk til OneCall, som gir meg så gode vilkår. Sjå OneCall sin Mobil Faktura for prisar. På telepriser.no kan ein sjå at IPEA (ikkje IKEA nei) ligg eit hakk over OneCall, men det er snakk om småkroner. Mitt abonnement har fått ny minstepris per månad, og ligg no på 35 kroner. Utan å betale noko, nokon gong, får eg 65 gratis sms, med den ikkje så gale 42ørers prisen for meldingar utover dette, og 65 minutt med gratis ringing, og 80 øre per minutt utover dette. Om du brukar telenor eller liknande, bytt om du kan, du skal ringe temmeleg mykje før det løner seg å ha eit anna abonnement.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
vi løøøvs!
Legg inn en kommentar