12. mars 2007
Smånytt
Det kom melding om at to karar skulle banke ein tredje i (ser deg i)Førde sentrum. Politiet kom til staden -ingen av dei var der, og ingenting tyda på at noko var skjedd. Denne saka går under smånytt i Firda. Nytt veit eg ikkje, men smått, det er det. Elles melder Firda at Eggenipa 4H vart årets klubb, og vi sender ein gratulasjonsplakett i posten så snart som mogleg. Bukta 4H vil rykter (ubekrefta rykter, rykter nontheless) ha det til, kom bitande nær teten, og enda på ein andreplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg kan jo dele ein liten gla´historie om politiet i Førde frå den gongen eg dreiv og stekte pølser på Kjell på nattestid.
Idiot 1 står og skal betale noko. Idiot 2 og 3 kjem inn og tek tak i Idiot 1, og dreg han ut døra. Til trass for at alle er idoiotar har tøidligvis Idiot 2 og 3 fått med seg at det er overvakingskamera utanfor, og dreg følgeleg Idiot 1 ut av rekkevidde av kamera før dei byrjar å banke han (som dei dødskule fyrane dei er). Eg tenkjer at det nok er ved slike høve det er greit å tilkalle politiet, så eg ringer politiet i Førde sitt direktenummer.
Samtalen utartar seg omtrent slik:
Tora - Hei. Det her er Tora Systad Tyssen. Eg ringer frå Shell. Det er ein fyr som vert banka av to stk utanfor.
Sløv politidame - Jaaaaaaa, veit du kem nokon av dei er?
Tora - Eg veit ikkje namnet på nokon av dei, men eg veit kem dei er. Har de tenkt å komme?
Sløv politidame - Njaaa, trur du dei kjem til å halde på lenge?
Tora - Dei ser ut som dei har tenkt å banke han skikkeleg ja.
Sløv politidame - Njaaaa, no har ikkje vi nokon patrulje ute akkurat no. Kan ikkje du ringe om dei framleis held på om eit kvarter?
Du kunne jo kanskje ha invitert dama til begravelsen til fyren.
Kanskje hadde ho tatt seg ein støyt lommelerka før ho tok telefonen, eg har høyrt at det ikkje er så uvanleg der heime. Når sjefen gjer det, så kvifor ikkje eg? Men eg ser det som formildande at alle var idiotar, då var det jo berre greit at dei fekk banka seg litt, igrunn.
Legg inn en kommentar