14. februar 2007

onsdag


Det har blitt ei kampsak å ikkje bli sjuk no for tida. I og med at heile huset her er pestbefengt og kvart eit handtak kan vere kjelde til neste hostekule, må ein gjere seg bruk av ektreme tiltak. I dag sov eg heilt til klokka ni. Så tok eg opp den skjønne skjønnlitterære boka mi og las til klokka var ti. Så åt eg frukost i gode stunder, og no klokka elleve, skal eg endeleg på trening. Vitamintilskot, frukt, grønt, trantablettar -alt går ned på høgkant. Om eg blir sjuk no, bank i bordet, gud forby, så er det snakk om krefter så kraftige at det tross alt ikkje lenger er snakk om ein kamp, men ein krig i urettferdigheitas namn. Som anna nytt har eg gløymt å fortelje om Kabul Express, filmen eg omtala som; ein komedie, der fire ulike nasjonalitetar sitte på toget til Kabul. Såg den hos Kari på den lille dataen min, og filmen var av typen Bollywood. Utan dans. Og er det ikkje dans Bollywood's all about? Dessuten var det verken tog eller komedie i særleg stor grad, så den som har lurt meg må berre le sist. Den ler nok meir enn vi gjorde i alle fall. Uansett, skodespelarprisen går til Linda Arsenio! Av anna materiale på dette stjerneskotet (og eg siterar The Hindu Post:) alle snakkar om, kan det vere greit å sjekke ut World Cup Cricket Blog, og innlegget A new Bollywood beauty from America. Så det, trening I says, trening, says I!
Seinare: Satt og tenkte på vêret og såg ut vindauget og ned på den tørre asfalten utomhus. Så snudde eg meg til dataen som viste meg ei finfin vêrmelding for nujokkanujokka (i dizzie-sjargong). Samantreff? Sannsynligvis!

Ingen kommentarer: