13. februar 2007

tirsdag

(Eg dyttaa misterKiwi i bossbøtta ein gong for mykje i dag, så eg fekk ei skjennepreike av dei skjeldne når eg kom heimatt, skammekrok og tavleskriving var løysinga på det)
Det er dagen før valentinsdagen. Dette fekk eg vite etter at eg fekk spyssmål om kva eg skulle gjere på onsdag denne veka, og eg til forsvar i møte med den velkjende duhargløymtdetja-tonen, sa: Eg har ikkje vaskeveke, har eg? Elles har eg hengt meg opp i ei sak frå dagbladet om Danseboybandet Pegasus, der Tommy Nilsen, lead-vocals og greier, meiner at om dei ikkje syns det er flaut å synge den musikken, kvifor skulle det vere flaut å høyre på den då? Endeleg kan vi danse(boy?)band-entusiastar i tjueåra komme ut av skapet med stødige bein å stå på! Om du vil, må du berre smake på bitane her, i sangen om Kine. Så skal eg bort å eta mat med bror (kylling!), og sjå på brudecatwalk-bileta han har teke i helga. Berre velstand med andre ord!

Ingen kommentarer: